søndag 7. februar 2016

Helg på Oppdal

Oppdal spel og dansarlag inviterte til minnekonsert etter Asbjørn Blikken om fredagskvelden 5. mars og Trønderkappleik laurdag 6. mars -  og vi la iveg.
Det vart ein særdeles verdig, hyggeleg og rikhaldig minnekonsert  -  der Blikken og musikk frå Skjåk var i sentrum.  Kappleikslaurdagen  var som vanleg variert , og ettersom arrangørane opna gjesteklasse,  så slengde vi oss frampå kappleiksgolvet.

Turen heim i minibussen sundag formiddag forsatte i same godstemning.  Ferske minner vart delt og vi gler oss til neste gong vi kan vera saman med spel, dans og moro som felles arena.

Ingen kommentarer: