fredag 13. mars 2015

Dans mest mogleg

Kom og

DANS MEST MOGLEG 

på Moar fredag 20. mars 2015.
Dette er ein kveld for sosial samværsdans, og vi set dansen kl 19.00.
DEt blir gildt med musikk,  Vågå juniorspelmannslag spurte om dei kunne få kome, både for å danse og spela til dans.  Vidare har vi Ramstadstrondingane og Kristin og Sigurd til å spele.
Det skal ikkje stå på musikken!

Dette er ein rein dansekveld,  Her er det om å gjera å danse mest mogleg.

Det er blir ei kveldsmatpause ved 21-tida  og når klokka slår midnatt er dansen til endes for denne gong.

Det kostar 100.- å vera med på kvelden, då er mat og kaffi inkludert.

Eg vil gjerne at du melder deg på med å sende melding eller  ringe til 90172366 eller sende epost til randi.rust@gmail.com.    Arrangementet er også på Facebook.
Maset om påmelding er på grunn av maten.  Det er stor skilnad på å lage mat til 30 og til 90!


Det blir også eit lite gratislotteri.

Vi hadde tilsvarande triveleg dansekveld i Vågå i november,  nå skal vi danse oss gode minner på Moar,

søndag 11. januar 2015

Dansa jula ut

 Son vanleg var det  fullt då programmet starta, i år "Oslo-dølane". Ola Grøsland er programleiar og han hadde fleire enn ei god historie frå danseliv, kappleiksliv spel og moro på 70-talet.
 Tore Jørgen Rødølen hadde med nykkelharpe. Det er fyrst og fremst eit instrument som vi forbitt med Sverige. Ola Grøsland kunne leggje til at det er ei nykkelharpe på bygdatunet på Lesja. Harpa har nok funnest her og.

 Reidar Skjelkvåle, Tore Jørgen Rødølen og Per Sæmund Bjørkum
 Sjølvsagt var det mat
 og kaffi.
 Oslodølane var fyrst ut som dansespelmenn,  og gamaldans"sviskere" frå 70-talet kom som perler på ei snor
 Signe Bakken og Hans Hågå veit å setja pris på god dansemusikk
og det vart ei gild springleikøkt. 

tirsdag 6. januar 2015

Danse jula ut

Årets program heiter "Oslodølane".  Dei får selskap av lokale krefter. Etter programet er det tid for mat og prat før dansen tek til. Inngang kr 200.- , medlemar betaler kr 100.- .  Velkomen til Dønfoss grendehus kl 19.00 den 10. januar.

torsdag 1. januar 2015

Oslodølane er med og dansar jula ut

Skjåk spel og dansarlag inviterar nok ein gong til ”Danse jula ut”.  Programmet den 10. januar er bygt opp rundt ”Oslodølane”,   gudbrandsdølar som reiste til Oslo for å studere og å arbeide på 70-talet.  Dei tok med seg tradisjonsmusikken sin, og folkemusikkmiljøet blomstra i byen.
Reidar Skjelkvåle, Per  Sæmund  Bjørkum,  Tore Jørgen Rødølen, Fridjof Sole, Knut Kjøk og  Sevald Bismo kjem til Dønfoss grendehus for gle seg over spelmannsmoro frå tida då ”Oslodølane” skapte liv og røre på dansefestar og kappleiksscener. Dei får selskap av Arnstein Fjerdinggren, brødrene Auale Holsveen og Rikard Skjelkvåle.  Det er duka for ein festkveld, Ola Grøsland skal leie progråret ammet som kjem til å kaste eit ljos bakover, men også sjå framover.

Fyrste gongen Danse jula ut var arrangert var 2003. Den gongen var det ikkje program.  Det vart det fyrst året etterpå da  ”Torø Hyrve” tittelen på programmet. Etter det har program, traktering og dans vore fast innslag i Skjåk den laurdagskvelden som er nærast tjugandagen, for ”Tjugandagsknut dansar jula ut”.