tirsdag 30. desember 2014

Juldans hjå Heidals glade dansarar

Dansevenner finst i aust også og vi fekk hyggeleg invitasjon frå Heidals glade dansarar til juledans 16. desember. Vi fylte minibussen og la i veg til nok ei gild danseøkt og mykje traktering. Her også gløymde eg å fotografere det gilde matbodet,  dei kan kunsta å ha gjester i Heidalen.

Meisterkonsert i Operaen


 Vi tinga oss 21 billettar til den store meisterkonserten som skulle vera i Operaen
i Oslo 23. november.

Her var vinnarane frå årets Landskappleik og Landsfestival samla.

Vi fylte første rada i parkett.  Her er vi på veg ut og heim.
Det vart seine natta, nesten morgo før vi var heime att i Skjåk, vi som drog på direkten.  Dei fleste overnatta,  andre tok nattoget til Otta der bilen venta.

Dans skapar vennskap

 Siste fredag i okober venta vi gjester frå vest,  klokka sju svinga ein 45 setersbuss inntil Moar.  Det var dansegjengen frå Markane i Stryn.
 Dansen gjekk lystig
Vi dansa oss glade og kjeie
så kjeie at eg gløymde å ta bilde av det store "mat på fat" bordet som vestlandsbesøket varta opp med. 
Ja , dei hadde med mat,  vi kokte kaffi



Sjokoladekappleik

I samband med "Hausttakk" ei handelshelg i Skjåk,  skipa vi til Sjokoladekappleik.  Neste år skal vi leggje meir arbeid i annonsering av arrangementet slik at fleire tek sjansen å går på scena.  Jonas Lyngve torde,  det gjorde
denne trioen her og,  Idunn, Ane Eling og Marte song "Bæ bæ lille lam".
Vi hadde i alle høve stort publikum.