søndag 20. november 2011

Bowling 1. desember

Vågå spel og dansarlag har bede inn laga i Skjåk, Lom og Sel/Otta til ein bowling, prat og dans torsdag 1. desember  kl 19.00.  Trivele!  Kven blir det beste bowling-laget?   Det kan bli Vågå, ettersom dei er på heimebane!
Dersom mange av lagsmedlemane i Skjåk som vil vera med sepå Bowling i Vågå denne kvelden,  leiger vi minibuss!  Meld frå til Sylfest eller Randi.  Avreise fra Statoli i Bismo kl 1800

Kulturkvelden den 11.11.11

 Her er fotoglimt frå kulturkvelden,  Fotoet kjem frå Bråtåliv.  På den nettstaden  kan du lesa meir om kvelden. Det er berre å klikke på den lilla skrifta.

torsdag 3. november 2011

Stemning i Nordberg kyrkje

Frå venstre; Einar Lian Bjørgum,  Ingrid Lian Bjørgum og Øyvind Sandum
Gruppa kallar seg "Sol i Skuggeskog" og sist laurdag hadde dei konsert i Nordberg kyrkje.  Reportoaret deira kom frå "Sol i Skuggeskog"  ei diktsamling som Finn Sandum har skrivi. Han lånte bort diktsamlinga si til Øyvind Sandum.  Han har saman med Einar-Lian Bjørgum frå Oppdal laga toner til dikta.

Sist laurdag var det duka for konsert i Nordberg kyrkje der nær hundre frammøtte fekk ein fin konsertkveld.
Musikken som var laga til dikta var tufta på folkemusikken.  Med vakker musikk og flotte dikt vart dette ein kveld av dei skjeldne.

tirsdag 18. oktober 2011

Sol i Skuggeskog

Den 29. oktober kl 19.30 er det konsert i Nordberg kyrkje.

Namnet Sol i Skuggeskog er henta frå det første musikkprosjektet til denne gruppa som er samansett av Øyvind Sandum, torader/trekkspel og vokal,  Ingrid Lian-Bjørgum, vokal og Einar Lian-Bjørgum gitar og vokal.
Musikkprosjektet desse tre har arbeidd med og som dei gjestar Nordberg kyrkje med, er ei diktsamling som Finn Sandum har laga.  Ho heiter "Sol i Skuggeskog" Dikta har fått tonar hjå medlemane i gruppa. Musikken er fyrst og fremst inspirert av folkemusikk, men andre sjangar har og vorte nytta for å gje "rette" tonefylgje til diktsamlinga.

Sol i skuggeskog består av:Einar Lian-Bjørgum - gitar/vokal,  Ingrid Lian-Bjørgum - vokal og Øyvind Sandum - torader/trekkspill/vokal


Inngang kr. 100.- under 16 år, gratis inngang.

søndag 9. oktober 2011

Dansekveldar i haust

Som før om åra blir det dansetrim i Gymsalen på Nordberg skule.  Start kl 20.00 og vi er ferdige kl 22.00.  Og vi har ei pause med kaffi og biteti.  Danseøving og kurskveldar er gratis. Kaffispeleisen er kr 20.- pr kveld.

10. oktober  -  polskurs   Tor Stallvik er instruktør.  Leif Inge Schjølberg er spelmann
18- oktober  -  polskurs  Tor Stallvik er instruktør.
Polskveldane passar for alle  både nybyrjarar og dei som har prøvd tidlegare.
25. oktober  -  da dansar vi gamaldans ( runddans)
1. november besøker vi Skjåkheimen    OBS   denne kvelden byrjar vi kl 19.00
8. november dansar vi meir gamaldans ( runddans)
15. november   - springleikkurs
22. november - springleikkurs
29. november  - gamaldans  ( runddans)
og den 1. desember er det bowling i Vågå

onsdag 3. august 2011

Konsertglimt

 Det er mykje som jobbar sakte eller ikkje i det heile teke,  så også her.  Men nå,  endeleg kjem det fotoglimt frå konserten  "Jakupsteinen".  Arne Sølvberg og Kjell Plassen i godt samspel gav ein fin konsert for dei rundt 50 frammøtte.  Dessverre så var det sur vind denne kvelden, men
 Arne og Asbjørg fann att varmen med ein feiande Nordfjordspringar.
Arne Sølvberg, Hans Hågå, Rangar Vang, Jon Morken, Johan Kirkeby og Kjell Plassen.
Alle foto: Sylfest Lykre

fredag 10. juni 2011

Konserten "Ved Jakupsteinen" 18. juni

18. juni er det duka for konsert ved Fel Jakupstugu i Nordberg.  Arne Sølvberg og Kjell Plassen spelar konserten " Ved Jakupsteinen"  kl 19. 00.  Feljakupstugu er open frå kl 18.00.  Då kan du få kjøpt kaffi og biteti.  Det er også høve til å sjå inn i stugu.
Parkering på Mesta-tomta.
Inngang kr 150.- ,  medlemar kr 100. -
Ved dårleg ver, blir konserten flytt til Nordberg kyrkje.
Arr. Skjåk Spel og Dansarlag

torsdag 2. juni 2011

Kil i år og!

Eg har fått hjelp til å rydde på byggeplassen - og derfor blir det kil-kasting i år og!  Foto er frå i fjor då vi gjennomførte ei kil-kasteturnering.  Det skal vi greie å år og.  Vi i styret håper at mange finn vegen til Søre Haugen.  Laga i Vågå og Skjåk er også inviterte, det er også Nordberg tvauraderlag.  Det ville vera ekstra moro dersom vi fekk mange kil-lag slik at konkurransa vart knivskarp.  Det blir mat å få og drikke å få kjøpt.  Dansegolvet som vart lagt i fjor,  det er akkurat like fint!!Velkomen til kil og dans.

onsdag 13. april 2011

Vårtur til Markane og Tysdagsveitten

Den 12. april var siste dansekvelden for i vår, og da fann vi på å reise på busstur.  Vi svinga oss vestover til Markane og ungdomshuset som ligg mellom Statolistasjonen og brua over til Hornindal. Eit kvitt hus på venstre sida når du kjører vestover rv 15.  Der dansar "Tysdagssveitten" kvar tysdag. Dette vart ei gild øving for oss.  Det er alltid moro å treffe andre danseglade.
 Spelmenn frå Nordfjord byter på å spele til dansegjengen,  denne kvelden vi vitja dei, var spelmannslaget Fjelljom med leiar Arne Sølvberg som stod for musikken. 
 Dei klemde i veg kl 20. og da vart det full fart på dansegolvet.
 Det var spelt runddansar
 og litt turdansar.  Turdansar av det slaget at dansehopen byter på...  Ålandshottis og bytereinlender.  Akkurat passe mykje til at dansarar frå aust og vest blei litt kjende med kvarandre og deretter vart det dansa på tvers av kommunegrensene.
 Torkjell og Kjell var skeptiske til denne bytinga, og stod ei stund og såg på. 
Men dei laut til pers dei og.  Ingen skulle stå og kvile seg,  tysdagssveitten måtte ut.
 Vi hadde belaga oss på dyktig mykje sending.  Ti minutt på ni,  styrta vi uti
minibussen og bar inn bakst og kanner med kaffi.
 Så sa vi versågod  -  det er triveleg med traktering
 Dette var saker som smakte,  til vanleg er det berre vatn i pausa som vanlegvis varar i 10 minutt.  Denne kvelden vart pausa lengre.
Det var spelt ein nordfjorspringar.  Då stod vi klokeleg å såg på.
Klokka 22 var det slutt.
Vi svinga oss heimover i vårnatta med minner om
triveleg dans på Markane saman med venner frå vest.

mandag 4. april 2011

Turen den 12.april

Tysdag 12. april er det blåtur for dansarane -  avreise kl 16.40 frå Bismo.  For å bli med i minibussen er det viktig at du melder deg til Sylfest  -  først til mølla...  får plass. Dette skal bli moro.  Vi er sikkert heime att ved midnatt

Gudbrandsdalskappleiken i Heidal

Heidalshallen var fyllt av ivrige spelarar og dansarar
i alle aldre sist laurdag.
Neste år
17. mars
er arrangørstaden Marlo grendhus.
 Lom og Skjåk juniorspelmannslag i aksjon
 Veronica Bakken,  junior durspel
AMO,  frå juniorspelmannslaget,  gruppespel utan komp

søndag 13. mars 2011

Dans på Pollfoss

Det vart mykje dans og ein supertriveleg kveld i kjellaren på Pollfoss,
dette skal vi gjera meir av.
Nordberg tvauraderlag og Skjåk spelmannslag sytte for dansemusikken,
tullprat og moro sytte vi for sjølve.

lørdag 5. mars 2011

Dansedag for små og pub for store

12. mars er dagen for aktivitet. På dagtid er det dansedag for dei små i Marlo grendehus. Ssom tidlegare år er det samarbeid med Trusopplæringa og Marianne Stensgård er koordinator for dagen. Det blir tid til servering i løpet av dagen der både songdansar og litt runddans står på prgrammet.
Om kvelden er det pub på Pollfoss. Laget samarbeider med Pollfossfolket og dei vil lage tradisjonelle pannekaker frå heimlandet. Desse smakar godt attåt øl, lovar dei.
Nordberg Tvauraderlag og Skjåk spelmannslag er med slik at det også blir ein svingom.
Godpraten må vi sørge for sjølv- oppstart kl 21. Inngang kr 50.-

torsdag 17. februar 2011

Folkemusikkveld i Garmo bygdahus

Lom Spel og Dansarlag saman med Gjeling-Ljomen inviterar til Folkemusikkveld i Garmo Bygdahus torsdag 24. februar kl 19.30.
Ved sida av dei deltek Mads Erik Odde og Ola Byrøygard og Lom og Skjåk juniorspelmannslag.
Etter konserten vart det kaffi og biteti.
Inngang er kr 100.- , barn kr 50.-
Vel møtt

Vi set ned prisen til 10 kr

Årsmøtet vedtok å senke prisen på medlemskapet til lokallaget frå kroner 50.- til kr 10.- for vaksne. Juniormedlemskap er gratis i lokallaget.
I samband med omorganiseringa til FolkOrg, vart medlemsprisen til organisasjonen sentralt auka frå kr 180.- til kr 220.-. for vaksen medlem ( over 18 år). Gudbrandsdal Folkemusikklag skal ha kr 30.- av vaksne og vi i Skjåk har hatt kr 50.- som vår del av kontingenten.
Årsmøtet vedtok å senke prisen på medlemskapet i Skjåk med kr 40.-.
Det medfører at medlemsprisen totalt blir i 2011 som i 2010, kr 260.- ( så sant ikkje Gudbrandsdal Folkemusikk aukar....)
Medlemsprisen for barn og unge aukar i FolkOrg, til kr 100.-
Nå attstår det å sjå kor godt det nye medlemssystemet til FolkOrg funger og at medlemane framleis finn det interessant å vera med i arbeidet for å ta vare på tradisjonane våre innan song, spel og dans.

Styret vart attvald. Årsmeldinga finn du under ei fane øverst på sida

torsdag 3. februar 2011

Årsmøte

Laget har årsmøte den tysdag 15. februar kl. 20 i gymsalen på Nordberg skule. Vanlege årsmøtesaker. Dersom du har saker du vil melde inn til årsmøtet, må du gjera det til Randi Rust innan tysdag 8. februar. epost: randi.rust@gmail.com.
Dersom teknikken står oss bi, skal det bli gjensyn og glimt frå då vi arrangerte Gudbrandsdalskappleiken i 2004. Det blir kanskje tid til dans og!

søndag 16. januar 2011

Vi dansa jule ut i laurdagskvelden

Lom og Skjåk juniorspelmannslag, her med litegrann vaksenforsterning, var svært så aktive då jula vart dansa ut på Dønfoss laurdagskvelden. Dei var med under konserten som å år var via Gammel-Sjugurd.
Ikkje mist spelte laget til dans!





søndag 2. januar 2011

Danse jula ut 15.januar







Julehelg og nyttårskvelden er over, eit heilt nytt år med alle moglegheitar ligg føre oss. Oppmodinga må vera å danse litt kvar dag.



Vi dansar jula ut den 15. januar i Dønfoss grendehus.



I år er tema for programmet "Gammel-Sjugurd". Programmet tek til kl 19.30



Gammel-Sjugurd var døypt 13. januar 1811 i Lomskyrkja og fekk namnet Syver Larsen Nærstenæsstuen. Foreldra flytte til Hjeltartrædet og der voks guten opp. Gjennom konserten vil vi får høyre meir om Gammel-Sjugrd, om musikk av han og i tradisjonetter han. Lom og Skjåk juniorspelmannslag, Skjåk spelmannslag, Guro Grimstad, Kjell Plassen, Arne Sølvberg og Knut Kjøk deltek på konserten. Dei blir også med på dansespelinga saman med Nordberg Tvauraderlag. Men innan dansen tek til blir det servering - her skal resten av julematen tilpers.