søndag 19. september 2010

Samarbeid i emning

Representantar for spel og dansarlaga i Vågå, Lom og Skjåk var den 15. september samla til pratemøte. Tema for kvelden var korleis vi kan støtte kvarandre og kva vi etterkvart finn det naturleg å samarbeid om. Vi har ein kulturarv å forvalte, og dette kan vi gjera kvar for oss og saman. Kvelden munna ut i fleire tankar, som etterkvart vil kome både medlemar og alle andre som likar spel, song og dans. Det første prosjektet som vi er på veg inn i, er ein dansedag for ungdom. Dagen er planlagt til den 16. oktober. Dansekurs i Garmo skule på dagtid, og fest for kursdeltakarar og lagsmedlemar i Garmo bygdahus om kvelden.

tirsdag 7. september 2010

Dans saman med Sølja

Komande laurdag, den 11. september inviterer Sølja danselag fra Hamar til hyggeleg laurdagsdans i Mogarden. Det er Ingrid Maurstad som er primus motor for arrangemenet og ho kan fortelja at 18 glade dansarar kjem for å besøke Skjåk-bygda og ikkje minst danse laurdagskvelden.
Velkomen kl 20, seier Ingrid og kan fortelja at både Stensgårdmusikken, Ragnar Vang og Guro Grimstad stiller med musikk.
Ingrid fortel også at det blir sikkert ei økt med sangdanser, ettersom Sølja tykkjer også denne formen for samværsdans er svært moro.
Det er viktig at vi i Skjåk tek turen til Mogard om laudagskvelden, alle som har høve til å gå på ein gratis fest!
Heimesida til Sølja finn du her