mandag 31. mai 2010

Kaste kil konkurranse

Nå er det øyeblikkeleg den store kaste på kil konkurransa mellom spel og dansarlaga i Vågå, Lom og Skjåk. Kilsetta er ferdige og medlemane i dei tre laga er inviterte til medlemsmoro på Søre Haugen i Skjåk fredag 4. juni. Tevlingane tek til 19. 30 og gjeldande reglement vil bli oppslege på ein vegg.

Om du ikkje vil vera med på dette, så er det mogleg å få prøvd dansegolvet i lyu. Heilt nylagt, siste golvplata smatt på plass i kveld.

Skjåk spel og dansarlag ynskjer at mange medlemar blir med på moroa!

Vi i Skjåk legg pølser på grillen - det er fint om du tek med drikke sjøl.

Men kaffi skal det bli!

lørdag 15. mai 2010

trippelkast

Lea de folk og unge hallingdansarar er på scenen når førestillinga "Den so lea se ette golve" går av stabelen på Fagernes i samband med Jørn Hilme stemnet. Det er fredagskveld den 24. juli og Skjåk spel og dansarlag inviterar til medlemstur med minibuss - så sant det melder seg nok som vil vera med. Medlemane betaler halv pris for billetten, og laget betaler bussen.

mandag 10. mai 2010

Gudbrandsdalskappleiken

Mari Eide Lindsheim deltok på Gudbrandsdalskappleiken. Ho song "Sven Svane" og "Jenta burta elve". Vi får sikkert høyre meir frå den klokkeklare røysta hennar.
Flott at unge tek vare på og ber vidare vokaltradisjon.

lørdag 8. mai 2010

Vågå spelmannslag i Skjåk

Glimt frå Landsfestivalen, det byrjar å bli lenge sia festdagane i juli 2008, men musikken er like god for det!