fredag 14. august 2009

Dans på Sota



Det er moro å vera budeie når det kjem friarar!

Opning av Breheimen

Det vart sus i serken og fart på budeiene i dag.
Tunet på Sota sæter var staden for markeringa av at Breheimen Nasjonalpark er ein realitet. Det var statsminister Jens Stoltenberg, finansminister Kristin Halvorsen, samferdselsminister Liv Signe Navarsete og miljøvernminister Erik Solheim som stod for den formelle opninga. Men ved sida av alle talene, vart det også eit lokalt show som Endre Skjåk hadde regien av. Endre batt soga "Far i fjell" saman, han spelte den legendariske fjellmannen Svein Kvittingen. Og Svein tykte det var stas om sommaren når budeiene var på plass, og dei fekk friarar...
Dansen gjekk lystig på setervollen, det var dansarar frå Skjåk spel og dansarlag som var budeier og friarar denne gongen. Spelmann er Rikard Skjelkvåle.

Budeia letta frå bakken

Danseglede

Takk for oss


tirsdag 4. august 2009

Konsert på Uppigard Garmo

I samband med Hamsunjubileet var det ein folkemusikkonsert i tunet på Uppigard Garmo. Det var utøvarar frå dei tre Ottadalskommunane som gav tilhøyrarane ei flott og variert musikalsk oppleving denne fine augustettermiddagen. Det var Jarnfrid Kjøk som opna konserten. Ein konsert som var samansett av både vokal tradisjon, solospel og samspel på fele, trekkspel og durspel. Programleiar Ola Grøsland.
Arnstein Fjerdingren og Marianne Stensgård i aksjon,
dei representerte Skjåk saman med Aud Hove.
Aud Hove