lørdag 24. januar 2009

Full fart på golvet


Det vart full fart på Nordberg skule tysdagskveld 17. januar. Først ut var dei yngste, mellom anna så oppattfriska dei Herr Smett. Neste tysdagskveld frå kl 19.00 står Per Spelmann på programmet.

Klokka 20 byrja springleikkurset. Heile 40 personar var på plass - og det gjekk nesten opp med kar ogkvinnfolk og! Springleiken er i fokus fram til vinterferien. Kom og dans.

søndag 18. januar 2009

Fant Karl - mannen og musikken




Fant Karl - mannen og musikken heitte programmet om laurdagkveld 17. januar 2009 då jula skulle dansast ut i Skjåk. "Danse jula ut" er ein triveleg tradisjon som går føre seg på Dønfoss grendehus.
Denne gongen var programdelen via Fant-Karl. Mary Barthelemy som har skrive hovudoppgåve og laga boka "Spellmann på domen" var på plass og fortalde om det spanande arbeide med å finne ut kven han eigenleg var, denne FantKal som det er så mangel leikje etter, spesielt valsar. Knut Kjøk, Kjell Plassen, Arne Sølvberg, Täpp-Nils og Skjåk spelmannslag spelte musikk i Fant-Karl tradisjon.

Etter programmet var det tid for servering, også i år var det att mykje julemat som skulle etast opp. Deretter gjekk dansen, i år var det mange Fant Karl valsar.

Posted by Picasa

fredag 16. januar 2009

Kom og dans

Tysdag 20. januar er vi i gang med dans i gymsalen på Nordberg skule. Vi tek til kl 19.00 med dei yngste, her blir det folkeviser og dans over ei låg sko fram til kl 19.45. Det skal også vera tid til saft og servering

kl 20.00 dreg vi i gang med springleikskurs. Tor Stallvik kjem, gjev gode råd og viser oss korleis dette skal gjerast. Det blir litt gammaldans attåt for å løyse opp springleikmusklane.

Det blir pause med servering og prat.



Alle er velkomne. Kurs og dansetrimm er gratis.

torsdag 8. januar 2009

Danse jula ut


Nå er jula snart til endes, og må dansast ut.

Det gjer vi den 17. januar på Dønfoss grendehus, kl 19.30. I år står "Fant Karl, mannen og musikken" på programmet. Mary Barthelemy frå Røros kjem og skal fortelje av alt ho veit om denne legendariske spelmannen. Täpp-Nils, Knut Kjøk, Arne Sølvberg, Kjell Plassen og Skjåk spelmannslag vil bidraga med musikk.


Etter programmet så er det tid for å ete opp resten av julematen. Kaffi. Og så dansar vi.


Inngang: Dei som har med mat og spelmenn som vil vera med å spela går gratis.

Andre betaler kr 150.-

Sal av øl og vin.