søndag 2. november 2008

Festivalfest



Kjøtkaker stod sjølsagt på menyen då Landsfestivalen 2008 arrangerte dugnadsfest. Det var god grunn til å feire, overskotet blir mellom 650.000.- og 700.000.- kroner. Jubelen stod i taket hjå dei vel 200 av fyrygangsfolket som var tilstades i Marlo grendehus.
-Du har ikkje rekna deg i mist, nå da vete? spurde fleire. Økonomisjefen for LF påpeikte at kostanden for dugnadsballet var litt usikker på det tidspunket oversikta var sett opp.

Vinnarane av årets gruppespel og dermed Norsk Meistrar i gammaldans; Sprell spelte til dans. Men det var Lom og Skjåk juniorspelmannslag under leiing av Rikard som opna ballet, likeleis som under Landsfestivalen sist sommar, det var dei som var første lag ut den gongen og.
Posted by Picasa

tirsdag 14. oktober 2008


Dansen er i gang att i gymsalen på Nordberg skule. Kvar tysdagskveld mellom 19.30 og 21.30 og vel det, så kan du få svinga deg i dansen. Om du er litt usikker så prøvar vi å hjelpe deg på rett spor. Alle er velkomne, vi danser og moro og for trimmen.
Vi har juleavsluttninga den 2. desember. Men fram til da: kom og dans om tysdagskvelden.
Posted by Picasa

tirsdag 29. juli 2008

Fleire glimt frå Presthaugen

Gjestebodhopen i fargar. Foto Sigmund Bråtet

Smeddreng med ny jente... foto R.Rust

Dansen går lett i gjestebodsgarden foto R.Rust

Kva tone skal brukast på salma?
Posted by Picasa

gjestebod på Hægstad


Dei fleste av gjestene i gjestebodet på Hægstad er samla i Glømsdalstunet i Presthaugen. Heilag Olav stugu danna ein fin bakgrunn for bildet. Vi takkar for at vi fekk vera med og håpar på reprise komande år.
Posted by Picasa

søndag 27. juli 2008

Meir Peer

Dersom du trykker her vil du kome til heimesida til Teater Skjåk(k). Der har Endre endå fleire bilder.

lørdag 26. juli 2008

Peer i Presthaugen





Med det same festivalen var bortrydda, var vi klare for nye oppdrag. Nok ein gong var det "undervegs med Ibsen" og det tyder Peer i Presthaugen i Lom. Vi har oppdraget med å vera gjestebodshop på Hægstad - det er der Peer røvar brura. I år er vi også med som gravølshop ettersom Prestens tale også er med i oppsettinga i Presthaugen.

Kom og sjå. Dette er ei oppsetting med fart på. Publikum må flytte med rundt i Presthaugen for å halde tritt med Peer Gynt i Endre Skjåk sin skikkelse...

Landsfestivalen i mål




Vi kan sjå attende på ein svært godt gjennomført Landsfestivalen 2008 NM i gammaldansmusikk. Tusen takk til alle som bidrog til å lage så fin festival. Nå kan vi sjå framover til dugnadsballen som vil bli i oktober.

torsdag 22. mai 2008

Dans for svingene

Dansens dag den 29 april var markert med ei stormønstring på Otta. Kulturskulane, spel og dansarlag og alle andre som dansa var invitert til å delta. Vi var der. Det var ein utruleg flott kveld med dans i alle former og variantar. Mest yndige var vel flokken med rosakledde ballerinaer i alder 3 - 4 år. Dei balletta på rett. Vi var invitert til å danse masurka og til å delta i ei stor springleikkule!

Årsmelding 2007

Styret har i år vore samansett slik:
Randi Rust leiar
Marianne Stensgård
Solveig Bræk
Kjell Kvålshagen økonomi
Rikard Skjelkvåle
Ole Håve vararepresentant
Hans Hågå - spelmannslags representant

www.skjakspelogdans.blogspot.com


Vi kan sjå attende på eit aktivt år - som byrja med ” Å danse jula ut” i Dønfoss Grendehus.. Programmet om kvelden var spunne rundt livet til Emil Bruheim. Ivar Teigum var programleiar for eit rikt program framfor ein fullsett sal.

Der etter var det ”Birkebeinardans” på TV 2 der vi dansa deltakarane velkomne til gards på Andvord. Nokre av oss vart med som ”danselærarar” saman med Tor Stallvik.. Mange av oss vart med som dansepublikum under liveopptak då Bjørn Turtums gamaldansorkester skulle spela inn ny CD i samband med bukkeball i Bøverdalen.
Vi var også i Bøverdalen på minnekonsert etter Sigurd Eggen.
10. mars var det Gudbrandsdalskappleik i Heidal og ei ugløymeleg helg, spesielt for dei i laget som spleisa på ein minibuss.
Ragnar Vang vann klassa spel, best over 50 og fekk napp i vandrefatet.
Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdinggren, Helen Hole og Arve Hole og Randi Rust og Trygve Auale deltok i kappdansing. Skjåk stilte lag i dansemønstringa og vi hadde mange par med i G-dans tevlinga.



Å danse springleik i kyrkja hadde ingen av oss gjort før i år. Soknepresten vår, Hege Fagermoen, inviterte til å markere ”Dansens dag” den 29. april. Da valsa vi inn, dansa springleik midt under preikestolen og reinlender ut etter messa. Tusen takk for at vi fekk vera med.


I mai skipa vi til kyrkjekonsert i Nordberg kyrkje med Jorun Marie Rypdal Kvernberg og Øyvind Sandum. Ein vakker vårkveld for dei 44 som fann vegen til kyrkja. Underskotgarantien frå kommunen var god å ha.
Ein slik garanti var gull verd for oss etter ”Ståk i Skjåk” om St.Hans helga. Eit usedvanleg ufysele regnver og kald ækt gjorde at Lomsk i Gamleheimstrædet vart ei miserabel økonomisk affære. Takk og pris for underskotsgarantien .

Mogard tok hand om sal av pølse og drikke denne kvelden. Laget stilte med grillmannskap og fekk ein økonomisk kompensasjon frå Mogarden for dette.
I juni var Mona og Kjell og Helen og Arve saman med spelmann Arnstein Fjerdinggren på Elveseter og underheldt gjestane.

Landskappleiken gjekk av stabelen på Gjeilo og Landsfestivalen i Vågå. Under Landsfestivalen i Vågå var det nokre frå Skjåk som deltok som frivillige, og på den måten skaffa seg kunnskap om det som skal skje i Bismo sommaren 2008.

Vi deltok i år som i fjor under olskokfeiringa i Lom. Mange stilte opp for laget og det oppdraget vi har der. I år fekk laget kr 5000.- for å vera med som gjestebodshop under Peer Gynt i Presthaugen.

I oktober skipa vi til, i samarbeid med Mogard ”medan vi venter på Landsfestivalen”. Landsfestivalvinnarane frå i år: Nordafjells, hadde konsert. Dessverre var det ikkje så mange som kom, slik at avtala om å spela for inngangsbilleten berga økonomien denne kvelden. Vi hadde utgifter berre på litt annonsering og plakatar.



Vi har hatt dansekveldar på Nordberg skule både om våren og om hausten. Det plar å vera mellom 12 – 22 personar, så det er plass for fleire. Ole har gjort ein kjempegod jobb med å skaffe musikk kvar kveld. Det er meir moro å danse når oss har levande spelmann.
Øvingskveldane har alltid ei triveleg (og nødvendig) kaffipause.


Elles har vi sponsa dansedagen på ungdomsskulen med instruktør og spelmann. Svært godt og populært tiltak. Tor Stallvik og Hans Hågå gjorde ein utmerka jobb, dei lærer bort grunnprinsippa i masurka på 20 minutt.

Styret har hatt 4 styremøte og handsama 29 saker. Vi har 61 medlemar.


Sentralen 6. januar 2008
Randi Rust

torsdag 14. februar 2008

Tysdagsdansen

Vi takkar Tor for godt kurs og tek pause frå dansen i vinterferieveka. Så er dt på att den 26. februar. Vi dansar sprngleik og gamaldans. Og vi må fnne ut kor mange som blirmed på Gudbrandsdalskappleiken 2008 på Jorekstad. Det er Lillehammer spel-og dansarlag som er arrangør. Dei har heimesida www.lhmrspel.no

onsdag 6. februar 2008

26 på startstreken

26 stilte opp då Tor Stallvik gjekk i gang med grundig grunnkurs i springleik den 5. februar. Tor la i veg med grunnsteg og arbeidet for å lære "å takte" springleiktakta. Kjempespanande for oss som var med, og det var takt å hente for både røyde og urøynde dansarar. Den 12. er det på att, vi gler oss

mandag 28. januar 2008

Årsmøte

Minner om årsmøtet den 13. februar kl 19.30 på Skjåk ungdomsskule. Medlemane har fått tilsendt årsmøtepapira.

Grundig grunnkurs



Det blir grundig grunnkurs i springleik i Nordberg skule den 5. og 12. februar. Kl 20 må vi stå klare, for Tor Stallvik kjem. Det blir mykje trening på heilt grunnleggane takt i springleiken. Tor fortel at han har sett over att gamle opptak frå dans i Skjåk, slik at han er godt oppdatert på Skjåk-måten. Springleikskveldane blir det gratis kaffi og ikkje minst; rikeleg med saft. Ein blir både varm og tyrst av dansinga som kostar kr 200.- for ikkje medlemar og 100 for medlemar. Det er fint om du tek med kontantar. Ring til meg; 901 72 366 om du har spørsmål

søndag 13. januar 2008

Fleire glimt frå Dønfoss den 12. januar





Dansa ut jula



Det stod korkje på musikk, mat og publikum då jula vart dansa ut sist laurdagkveld den 12. januar. Programmet vart bygt over musikken til Mathias og Alfred Bismo. Desse to tvillingane har mykje musikk som dei har levert vidare - og Mathias lever enda. I ein alder av snart nitti år var han tilstades heile natta til endes.
Programleiaren Ivar Teigum leia eit tettpakka program for ein fullsett Dønfoss grendhus.
Etter programet var det tid for mat - resten av julematen å då etast opp, før dansen gjekk utover natta.

Posted by Picasa

mandag 7. januar 2008

Danse jula ut

Laurdag 12. januar kl. 19.30 dansar vi ut jula på Dønfoss grendehus. Kveldens program er bygt på musikken og tradisjon til Alfred og Mathias Bismo. Ivar Teigum er programleiar.
Etter eit langt og rikhaldig program er det kaffi og biteti før vi ryddar golvet for dans.
Alle velkomne.
Inngang: medlem: kr 100.- , ikkje medlem kr 150.-