søndag 14. oktober 2007

Tysdagsdans

Minner om dansetrim på Nordberg skule tysdagar 19.30 - 21.30. Tysdag den 17. spelar Nordberg Tvauraderlag. Helga tek hand om instruksjon. Kaffispleis, kr 20.-

Medan vi ventar; Nordafjells på Mogard


Det var ein strålande laurdagskveld 13.oktober, på Mogard. Årets Landsfestivalvinnar og nyoppnemnt Oppdals-ambassadør storspelte. Fyrst til konsert, deretter drivande dansemusikk.

Gruppa er samansett av Gaute Iversen, Even Røhjell, Knut Sneve, Andres Bjørkås frå Oppdal og Øyvind Sandum, Lalm, som i år er busett i Skjåk. Konserten var samansett av leiker i tradisjon og nykompnert musikk. Ikkje berre trakterar Anders Bjørkås både hardingfele og flatfele, han komponerer og. Kvelden baud på fleire nye innslag, musikk med inspirasjon frå folkemusikk frå både Sverige og Irland attåt vår eigen tradisjon.

Alt glimrande spelt, og etterkvart som leikane vart presantert, fortalde musikarane litt om leiken og histora rundt han.

Etter ei lita pause tok det av med dansespel, og dansegleda utfalda seg på golvet.

Dansen gjekk lett, og det hadde vore plass til fleire. Vel 50 hadde ein gild kveld - og dette var ein fin forsmak på dansen og musikken vi gler oss til når Landsfestivalen er i Skjåk.


Posted by Picasa

torsdag 4. oktober 2007

Vil du på seminar?

Laurdag 20. oktober er det Gudbrandsdalseminar. Dette er ein dag med Gudbrandsdalstradisjonar innan vokal, spel og dans. Det går føre seg på Solvang på Otta. Arrangør er Gudbrandsdal Folkemusikklag i samarbeid med spelmannslaga Otta/Sel. Seminaret startar kl 12.00. Konsert og hyggeleg samvær med dans frå kl 19.00

Seminaret er ope for alle som vil lære.
"Stutte stubber og vovede viser" er namet på songseminaret. Jarnfrid Kjøk og Per Asmundstad er lærarar her. Dei som vil vera med på spel, får utfordringar av Knut Kjøk og Ola Grøsland. Her vil det bli bruk ein del opptak av nyare og eldre spel. Arnstein Fjerdingren tek hand om dansespel på torader. Deltakarane på spelsaminaret bør ha spelt ein del(juniornivå), skal dei ha utbytte av dagen.
Dansen er todelt. Det eine seminaret er for instruktørar. Tor Stallvik lærer frå seg metoder og knep for å lære frå seg dans. Det er først og fremst runddansar som blir tema.
Det andre danseseminaret er eit kurs for dei som vil lære masurka og skotsk. Eva Rusten er instruktør her.
Deltakaravgifta er 150.- Påmelding til Ola Grøsland, 2680 Vågå. angroesl@online.no

Tlf. 612 37644 eller mob 95 70 94 87

PUB med konsert

Medan vi venter på Landsfestivelen byr vi i samarbeid, med Mogard på konsert med årets Landsfestivalvinnar NORDAFJELLS. Laurdag den 13. oktober blir det gamaldansPUB på Mogard. Kl 22.00 er det konsert NORDAFJELLS. Gruppa er samansett av Gaute Iversen, Even Røhjell, Knut Sneve, Andres Bjørkås frå Oppdal og Øyvind Sandum, Lalm, som i år er busett i Skjåk.

Etter konserten er det moglegheit for å danse litt-spelmenn som vil vera med å spela om kvelden går sjølvsagt gratis.
Elles kan nå kvelden gå med godt prat som det blir når godtfolk samlast.
Velkomne.

"Gamaldansgruppa Nordafjells tok ein velfortent siger i klassa for grupper under årets Landsfestival" skriv Spelemannsbladet nr 6 2007.