søndag 30. desember 2007

Godt nyår


Godt nytt spel og danseår seier engelen med torader. Han ser fram til sommaren med Landsfestivalen i Bismo.
Vonar alle medlemar og andre som les dette har hatt ei triveleg julehelg og er klar for eit nytt år med utfordringar og gleder. Vi treffest, første arrangementet vårt er å "Danse jula ut" på Dønfoss grendehus 12. januar. Årets program er via Bismo-musikk.
Posted by Picasa

mandag 12. november 2007

Kaffi



Vi tek oss alltid pause med kaffi og prat.... Kvar og ein betaler kr 20.- i potten. Denne gongen skal innhaldet i spleiskoppen nyttast til ekstraservering siste dansekvelden i haust. Det er tysdag 20. november. Då er serveringa gratis for alle som dansar seg glade og sveitte den kvelden.

søndag 11. november 2007

Dansemoro

Dansen går så sveitten renn når vi har dansetrim på Nordberg skule. Her er glimt frå tysdag 6. nov. Det er ennå att to danseglade kveldar innan vi tek jula. Vel møtt til dans. Dans deg glad
Posted by Picasa

torsdag 1. november 2007

Meir dans

Det blir fleire og fleire som finn ut at det er morosamt med dansetrim på Nordberg skulen. Det er plass til fleire. Sist dansa 18 personar medan Kjell Arne spelte, neste tysdag; som er den 6. november er det Nordberg Tvauraderlag som stiller opp. Kjem du??

søndag 14. oktober 2007

Tysdagsdans

Minner om dansetrim på Nordberg skule tysdagar 19.30 - 21.30. Tysdag den 17. spelar Nordberg Tvauraderlag. Helga tek hand om instruksjon. Kaffispleis, kr 20.-

Medan vi ventar; Nordafjells på Mogard


Det var ein strålande laurdagskveld 13.oktober, på Mogard. Årets Landsfestivalvinnar og nyoppnemnt Oppdals-ambassadør storspelte. Fyrst til konsert, deretter drivande dansemusikk.

Gruppa er samansett av Gaute Iversen, Even Røhjell, Knut Sneve, Andres Bjørkås frå Oppdal og Øyvind Sandum, Lalm, som i år er busett i Skjåk. Konserten var samansett av leiker i tradisjon og nykompnert musikk. Ikkje berre trakterar Anders Bjørkås både hardingfele og flatfele, han komponerer og. Kvelden baud på fleire nye innslag, musikk med inspirasjon frå folkemusikk frå både Sverige og Irland attåt vår eigen tradisjon.

Alt glimrande spelt, og etterkvart som leikane vart presantert, fortalde musikarane litt om leiken og histora rundt han.

Etter ei lita pause tok det av med dansespel, og dansegleda utfalda seg på golvet.

Dansen gjekk lett, og det hadde vore plass til fleire. Vel 50 hadde ein gild kveld - og dette var ein fin forsmak på dansen og musikken vi gler oss til når Landsfestivalen er i Skjåk.


Posted by Picasa

torsdag 4. oktober 2007

Vil du på seminar?

Laurdag 20. oktober er det Gudbrandsdalseminar. Dette er ein dag med Gudbrandsdalstradisjonar innan vokal, spel og dans. Det går føre seg på Solvang på Otta. Arrangør er Gudbrandsdal Folkemusikklag i samarbeid med spelmannslaga Otta/Sel. Seminaret startar kl 12.00. Konsert og hyggeleg samvær med dans frå kl 19.00

Seminaret er ope for alle som vil lære.
"Stutte stubber og vovede viser" er namet på songseminaret. Jarnfrid Kjøk og Per Asmundstad er lærarar her. Dei som vil vera med på spel, får utfordringar av Knut Kjøk og Ola Grøsland. Her vil det bli bruk ein del opptak av nyare og eldre spel. Arnstein Fjerdingren tek hand om dansespel på torader. Deltakarane på spelsaminaret bør ha spelt ein del(juniornivå), skal dei ha utbytte av dagen.
Dansen er todelt. Det eine seminaret er for instruktørar. Tor Stallvik lærer frå seg metoder og knep for å lære frå seg dans. Det er først og fremst runddansar som blir tema.
Det andre danseseminaret er eit kurs for dei som vil lære masurka og skotsk. Eva Rusten er instruktør her.
Deltakaravgifta er 150.- Påmelding til Ola Grøsland, 2680 Vågå. angroesl@online.no

Tlf. 612 37644 eller mob 95 70 94 87

PUB med konsert

Medan vi venter på Landsfestivelen byr vi i samarbeid, med Mogard på konsert med årets Landsfestivalvinnar NORDAFJELLS. Laurdag den 13. oktober blir det gamaldansPUB på Mogard. Kl 22.00 er det konsert NORDAFJELLS. Gruppa er samansett av Gaute Iversen, Even Røhjell, Knut Sneve, Andres Bjørkås frå Oppdal og Øyvind Sandum, Lalm, som i år er busett i Skjåk.

Etter konserten er det moglegheit for å danse litt-spelmenn som vil vera med å spela om kvelden går sjølvsagt gratis.
Elles kan nå kvelden gå med godt prat som det blir når godtfolk samlast.
Velkomne.

"Gamaldansgruppa Nordafjells tok ein velfortent siger i klassa for grupper under årets Landsfestival" skriv Spelemannsbladet nr 6 2007.

torsdag 20. september 2007

Full fart tysdag

Det blir full fart på dansetrimmen vår frå tysdag 9. oktober. Det var nok for tidleg å byrje å danse 18. september. Mange sende SMS om at dei ikkje kunne kome, mange hadde gløymt heile dansen. Vi få som var der, drakk opp ein termos med kaffi og prata om hausten.
Fann ut at tysdag 9. var kvelden for dansing. Det blir som i vår, variert dansetrim. Veit du om folk som har prata om at dei skulle ha lært å danse - har prata om å kome i danseform att; ta dei med. Alle er hjarteleg velkomne. Som før blir det triveleg kaffispleis.

onsdag 12. september 2007

Dans i haust

Tysdag 18.september kl 19.30 dansar vi att i gymsalen på Nordberg skule. Midt i økta blir det kaffipause og vi tek kveld kl 21.30.
Første kvelden blir det mest gamaldans - og oppfrisking av dei variantane vi dansa i vår...Møt opp og dans. Det er god trim. Alle er velkomne. Vi har kaffespleis på kr. 20.- kvar kveld.

tirsdag 4. september 2007

Sjølvsagt


Sjølvsagt blir det Landsfestival i Skjåkhallen neste sommar.
Spørsmåla om stolplasser i Skjåkhallen har vi fått svar på.

tirsdag 21. august 2007

Landsfestival 2008


Heimesida til
er klar. Ho vil bli kopla opp mot http://www.folkemusikk.no/ Landsfestivalheimesida her kopling til denne sida her.

fredag 10. august 2007

Skjoratippen, Nordfjordeid

Skjoratippen, Nordfjordeid August 24 - 25, 2007

Kanhende det kan vera triveleg å vitje Eid att... Klikk på overskifta så får du vite meir.

Vi i Skjåk fekk besøk av eidarar til hyggekveld på Dønfoss Grendehus for nokre år sia, vi var same hausten på Eid. Makan som det regna den kvelden vi parkerte bussen framfor Valhall.

Det var også ein svært fin Landsfestival på Eid i 2000.

Gamaldans i radioen

TOP 8 er musikkprogrammet til NRK Hedmark og Oppland (HedOpp-radioen). Frå tid til anna så er det med gamaldans og folkemusikk som vi lyarane kan stemme inn på lista. Nå for tida er Bjørn Turtums Gamaldansorkester (http://www.turtums.no/ ) med på lista ( 2.plass sist torsdag). Vi vil gjerne musikken "vår" på radio. Derfor må vi vera med og stemme. Fylg med i radioen for å høyre kva tal du skal sende HOT til, og da, før, og under sending, når "vår" melodi blir spelt, eller ringe 81 55 03 60 så mange ganger du vil, i løpet av 2 min. og 30 sekunder.

Ein annan måte å få gamaldans og folkemusikk i HedOppradioen er å sende inn gratulasjonshelsingar til slekt, venner og kjente. Skriv på kva du vil ha som musikk. Forklar gjerne kva CDen heiter og kva spor du vil høyre.

søndag 29. juli 2007

Morosamt med bilde


Fekk dette bildet frå Torstein Morken, må berre dele det med alle døkk andre.

Ny olsoksuksess
















Skjåk spel og dansarlag bidrog til å lage liv og røre også på dei to siste Peer Gynt forestillingane i Presthaugen. Oppgåva vår er å skape liv og røre i gjestebodet på Hægstad. Det gjer vi. Tusen takk til alle dansarane. Og tusen takk til Endre Skjåk, Hildegunn Hovde og Mari Wiig Salvesen og alle dei andre som er med å skapar ein fantastisk flott Peer Gynt i Presthaugen.





Foto:RESteen

fredag 27. juli 2007

Olsok i Presthaugen







"Teaterfriskusen" Endre Skjåk står også i år i spissen for "Peer Gynt" i Presthaugen. Vi er med som gjestebodsfolk i bryllupet på Hægstad. Ei oppleving for oss som er med - og ei flott vandreskodespel. Det byrjar med Bukkerittet ved Storstabburet, bryllup med bruderov i Glimsdalstunet, møte med Den Grønnkledde, møte med Dovregubben, møte med tre budeier, Bøygen, mor Åses død, knappestøperen - og ikkje minst den trufaste Solveig.
Her er det berre eit å si: Reis og sjå!
Foto: R.Rust

tirsdag 24. juli 2007

Innsida


Slik er brosjyra vår inni.... Framsida ser du på førre innlegget. Dersom du klikkar på bildet så blir det større

Landsfestivalen 2008


Velkommen til Skjåk 2008

Vi gler oss til du kjem til Skjåk og Landsfestivalen i gamaldans 2008. Heile bygda ynskjer deg og fylgjet ditt velkomne!

Landsfestivalen blir arrangert i kommunesenteret Bismo 16. - 20. juli

Hovudarena blir Skjåkhallen. Der står matteltet, der finn du Skjåk ungdomsskule med stemnekontor og øvingsrom.

Festivalkampen og lokaliseringa av dei andre aktivitetane blir i kort gangavstand frå Skjåkhallen. Vi har ikkje festivalhotell, men to store festivalcampingar. Festivaldansen utanom Skjåkhallen og matteltet er Mogard Gjestgiveri. Skeid kro er ei triveleg kro midt i Bismo. Alt i gåavstand frå arenaen.

Det er elles mange campingplasar i bygda, sjå overnattingslista. Vil du bu på hotell, er Grotli høgfjellshotell, eller hotella i Lom ei moglegheit.

Skjåk har gode arrangørerfaringar. Titanofestivalen starta her. Countryfestivalen i Skjåk er eit årleg arrangement. Vi har Irskfestival, Ludofestival, Lauvsprett om våren og Grotlitreff kvar haust. Landest største veteranbilløp "Flåklypa Grand Prix" blir og gjennomført kvar vår.

Når den 16. juli 2008 nærmar seg, finn fram danseskoa, last opp bilen med gode venner og godt festhumør og set kursen mot Skjåk. Velkomne skal dykk vera alle saman.

Med vennleg helsing hovudkomiteen, Randi Rust

mandag 23. juli 2007

Vi er igang




Landsfestivalen i gamaldans vart strålande gjennomført i Vågå sist helg. Før mesterkonserten sundag var vi på plass og la ut informasjon. Vi var også på scenen og ynskte alle velkomne. Etter konserten var det svært mange som gav uttrykk for at dei gler seg til å kome til Skjåk. Vi har allereie booka nesten 100 festivalvognplasser.
Foto:R. Rust

mandag 2. juli 2007

Dansekveldar hausten 2007

Det blir dansekveldar i gymsalen på Nordberg skule i haust att og. Vi byrjar den 18. september og avsluttar 23. el 24 november. I løpet av desse kveldane skal vi ha springleik kurs.

Ståk i Skjåk


Ståk i Skjåk
er ein marknadsdag ein laurdag i juni. I
år var laurdagen attpåtil St.Hans og
av alle ting regna det i Skjåk.

Likevel var det ein triveleg dag som vart opna av diverse underhalding på den nye scena ved Lom og Skjåk sparebank. Der var seniordansarane med, Skjåkswingen og siste post på scena var det vi. Vi starta med ein stutt springleik og etterpå ein reinlender der vi inviterte publikum til å bli med. Og folk dansa. Gamaldans er ein breiddeidrett i Skjåk.
Vi avslutta St. Hans med å arrangere utefest i Bismo. Festen regna bort - men vi hadde det moro vi som var der.

Dansens dag


Vi vart invitert til å markere Dansens Dag under høgmessa i Skjåk kyrkje den 29. april 2007. Vi dansa vals føre dåpsbarn og prestar inn i kyrkja, springleik midt inni preika og avslutta høgmessa med ein glad reinleder. Vi dansa oss ut og resten av kyrkjehopen kom etter. Spelmennene var Magnar Slettede, Bjørn Birkeland, Ola Galde og Per Kveen. Tusen takk til presten som inviterte oss.

Posted by Picasa

Peer Gynt i Presthaugen



Også i år vil delar av Peer Gynt bli vist som vandreteater i Presthaugen i Lom. Det er Endre Skjåk som spelar Peer, på same tid som han instruerar ein stor flokk glade amatørar.
Skjåk spel og dansarlag er med som gjestebodshop på garden "Hæggstad", der Peer kjem og røvar brura. Vi treng mange par som kan stille i bunad (gjestebodspynta) og vera med. I år er det tre kveldar, den 26, 27 og 29. juni. Ring til meg - eller skriv ei melding.

Birkerbeinerdans


Vi fekk utfordringa til å vera med å prøve å lære "Birkebeinarane" på TV 2 å danse. Vi tok imot dei i garden på Andvord i Lom. Dansekurset var på eit par timar i ei av stuguane på Andvord medan tv-kamera surra og gjekk. Vi dansa oppatt og oppatt... Og litt reinlender og parhalling lærte dei før det var meir skitrening

Gudbrandskappleiken 2007


Gudbrandsdalskappleiken 2007 vart arrangert i Heidalshallen. Heidals spel og dansarlag hadde stelt i stand ein gild kappleik. Mykje folk og mykje god spel og god dansing. Vi stilte med tre par i kappdans, vi deltok i dansemønstring og mange av oss deltok i G-dans. stilte Det var ei uhøgtideleg gamaldanskonkurranse. Ragnar Vang i senior spel fele og fekk napp i fatet "Spel, best over 50". Vi hadde fyllt opp ein minibuss.... alle vi som var med der hadde ein utruleg morosam kappleikstur

Årsmelding 2006

Årsmelding 2006

Styret har i år vore samansett slik:
Randi Rust leiar
Marianne Stensgård
Aud Wencke Kvålshagen Banken
Kjell Kvålshagen økonomi
Rikard Skjelkvåle
Ole Håve vararepresentant
Hans Hågå - spelmannslags representant


Vi kan sjå attende på eit aktivt år - og eit år som gjev oss utfordringar for både 2007 og ikkje minst 2008. Vi er tildelt arrangøransvaret for Landsfestivalen 2008.

Aret 2006 byrja med ”Danse Jula Ut” på Dønfoss grendehus. Denne gongen var det ”Honndalsmusikken” som hadde konsert og var med å spelte til dans.
Honndalsmusikken er leia av Svein Nesje, Stryn og vi fekk oppleve den nordfjordske svipen og dåmen med fire hardingfeler i solo og samspel.
Så kosta vi skyss og deltaking på 7 ungar frå Skjåk slik at dei fekk delta på kurs i samband med Folkemusikktreffen i Vågå. Det var kurs i både spell og dans.

Det neste som stod på programmet var å arrangere offentleg dansefest. Bjørn Turtums gammaldansorkester tok kontakt med oss og i samarbeid skipa vi dem 4. mars til fest i Marlo grendehus med aldersgrense 15 år. 216 løyste billett.
Vi hadde stand for å verve fleire medlemar i samband med Skjåk dagen sist i mai.
Olsok fekk vi vera med på ei spesiell oppleving. Peer Gynt vart oppsett i Presthaugen i Lom, og laget fekk invitasjon til å vera med å vera gjestebodshop på Hægstad. Eit morosamt og lærerikt oppdrag, det er ikkje kvar dag at over 350 står og ser på oss og PeerGynt kjem og røvar brura.

Vidare deltok vi både på Gudbrandsdalskappleiken og på Landskappleiken.
Ettersom han i år var på Beitostølen var reiseavstanden overkommeleg.
Vi stillte med lag i lagdans pluss to par i B-klassa!

Kjersti og Torstein Morken, Tone Heldal og Hans Hågå, Mona Grimstad og Kjell Kvålshagen, Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdinggren, Helen og Arve Hole, Randi Rust og Ole Håve utgjorde lagdanslaget. Guro Grimstad spelmann.
Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdinggren og Randi Rust og Trygve Auale deltok i Bklassa, dans vanleg fele.

Danseaktiviteten vår har vore god, båe i vårhalvåret og i haust.
Vi prøvde oss med reprise på polskurs i vår. Her var det heller magert oppmøte. Då gjekk det betre med dei vanlege øvingskveldane som i år har vore fast på Nordberg skulen.
Vi hadde intensive springleikøvingar innan kappleiken og leigde nordover Kari Grøsland til å spela for oss på øvinga. Ho spelte til oss på Gudbrandsdalskappleiken. Guro Grimstad stilte som spelmann på Landskappleiken.
I haust har vi hatt fokus på masurka og dette gav god uttelling på oppmøte. Mange fine dansekveldar på Nordbergskulen i haust.

Elles har vi sponsa dansedagen på ungdomsskulen med instruktør og spelmann. Svært godt og populært tiltak.
Randi deltok på eit instruktørkurs i mars - hvis det blir fleire slike kurs må fleire vera med. Det er viktig å auke kunnskapsnivået til laget.
Sigrid Skjelkvåle Aaboen, Mari Synnøve Blankenborg og Rikard Skjelkvåle var representantane våre i eit møte når det gjald dans og framtida til dansen i Gudbrandsdalen.

Den aller største hendinga dette året er at vi fekk tildelt å arrangere Landsfestivalen i Gammaldans 2008. Arbeidet er i gang og styret håpar å kunne kunngjere hovudkomiteen på årsmøtet.
Styret har hatt 5 styremøte og handsama 30 saker. Vi har har 58 medlemar.
Sentralen 27. des. 2006
Randi Rust

Historie

Skjåk spel og dansarlag
Etter å lege i dvale i mangeår, byrja dansarane å røre på seg og kom i olympisk form. OL i 1994 vart inspirasjonen til at spel og dans i Skjåk fekk skikk på organisasjonsarbeid att. Men det gjekk 12 år, innan vi søkte om opptak i Landslaget for Spelemenn. (www.folkemusikk.no)I august 2002 vart vi opptekne som medlemslag i LfS. Med det vart vi ein del av eit nasjonalt felleskap som arbeider for å ta vare på og bruke mangfaldet av kulturarv innan vokal folkemusikk, innan spel og dans.